logo Helse Nord

Bidreg i Helse Nord sitt regionale innsiktsteam

Fag- og forskingssjef Eva Stensland i SKDE er operativ leiar i regionalt innsiktsteam.

Publisert 24.01.2023
Sist oppdatert 17.02.2023
Eva Stensland, portrett, trær i bakgrunn

​Innsiktsteamet vart oppretta hausten 2022 på oppdrag frå Helse Nord sitt styre. Teamet skal gje råd til administrerande direktør, og være “tett på” og hjelpa til i omstillingsprosessane i helseføretaka. Målet er å sørgja for berekraftige helsetenester i nord. Samstundes er det òg naudsynt å ta grep for å sikre at økonomien, og ikkje minst behovet for og tilgangen til personell, er berekraftig. 

​Teamet skal utføre sjølvstendige oppgåver, men òg bidra med analysar og felles forslag til helseføretaka sitt omstillingsarbeid. 

​​Ansvarleg leiar for innsiktsteamet er eiardirektør i Helse Nord, Hilde Rolandsen, medan Eva Stensland har rolla som operativ leiar. Det er ni medlemmar i teamet. 

​​​— Eg er glad for å kunna bidra i dette viktige arbeidet på vegner av SKDE. Vi har kontakt med alle helseføretaka og hjelper dei med analysar dei har behov for i omstillingsarbeidet sitt. Dette oppdraget gir meg mykje ny kunnskap som eg tenkjer kan vere nyttig i det andre analysearbeidet vårt i SKDE, seier Eva Stensland. 

​​Les meir om innsiktsteamet her: Regionalt team skal bistå til nødvendige endringer