Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Nord

Stor variasjon i behandling av fedme-pasientar

Behandlinga av pasientar med fedme varierer, og det er ikkje områda med høgast førekomst av fedmepasientar som har høgast forbruk av helsetenester. Det viser det nye Helseatlas fedme.

Publisert 29.11.2023
Mann sittende i utendørs trapp
Helseatlaset viser at kvart år i perioden 2018—2022 var i gjennomsnitt 52 415 pasientar med fedme i kontakt med helsetenestene. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Det er også stor variasjon i kva type behandling som blir gitt mot fedme. I enkelte opptaksområde blir til dømes kirurgisk behandling brukt oftare enn i andre.

Fedme er ein kronisk sjukdom og oppfølging frå helsevesenet bør skje regelmessig og over lang tid. I eit nytt Helseatlas for fedme har ein undersøkt pasientar med fedme sin bruk av spesialisthelsetenester; både kirurgi, livsstilsbehandling i rehabiliteringsinstitusjonar og poliklinikk, samt pasientane sin kontakt med allmennlegar.

Analysane viser store geografiske variasjonar i bruk av helsetenestene for perioden 2018—2022.

Helseatlaset er utarbeidd av Helse Førde og du kan lese meir om funna i deira nyhendesak.

Her kjem du direkte til resultata i Helseatlas fedme.