Nytt helseatlas
Ein av sju fekk rehabilitering etter hjarteinfarkt
I perioden 2018 til 2021 fekk kun ein av sju pasientar med akutt hjarteinfarkt standardisert rehabilitering. Dette trass i at effekten av slik hjarterehabilitering er svært godt dokumentert.
Inkluderer vi også andre typar oppfølgingstiltak for pasientane, som lærings- og meistringskurs eller opptrening i spesialisthelsetenesta, er talet ein av fire.
Talet nordmenn som blir råka av akutt hjarteinfarkt er redusert med tre prosent kvart år sidan 2015, men framleis får årleg nær 11 000 pasientar akutt hjarteinfarkt i Norge.
Det nye Helseatlas hjarteinfarkt viser at 14 prosent, eller ein av sju pasientar, fekk standardisert rehabilitering etter akutt infarkt. Helseatlaset avdekkar også store, ugrunna geografiske variasjonar i graden av rehabilitering.
Her finn du heile det nye Helseatlas hjarteinfarkt.
Atlaset er laga av Helse Førde, og her kan du lese meir om funna.