Årsrapporten for 2023 er klar
Her finn du oppsummeringa av kva vi i SKDE heldt på med av aktivitetar i 2023.
Randi Solhaug
Publisert 19.06.2024
Sist oppdatert 07.10.2024
Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) sin årsrapport for 2023 gjer deg eit innblikk i arbeidet vårt og resultata våre gjennom det siste året:
- Vi fekk eit nytt nasjonalt oppdrag. SKDE skal bidra til å finna ut kva utgreiingar og behandlingar spesialisthelsetenesta skal gjera mindre av.
- I løpet av fjoråret publiserte vi helseatlas for radiologi, del 1.
- Vi var vertskap for Helse- og kvalitetsregisterkonferansen 2023 i Oslo saman med FHI, Helsedirektoratet og Norsk Helsearkiv.
- På slutten av året fekk vi òg ny direktør, Eva Stensland starta i stillinga 1. desember.
Alt dette og meir til kan du lesa i årsrapporten (pdf-lenkje).