Professor David Goodman ved Dartmouth Institute i USA
er rekna som ein nestor på feltet geografisk variasjon, og han har
forska på helsetenester i ei årrekkje. Han var difor ein sjølvskriven gjest og
hovudtalar på Helsetenesteforskingskonferansen 2022 som fann stad i Tromsø18.–19. oktober.
Skilnadar og likskap mellom Noreg og
USA
På konferansen snakka David Goodman om geografisk variasjon i
helsetenestetilbodet i både USA og i Noreg. Han peika på både liknader og
skilnader mellom dei to landa.
– Begge bruker mykje pengar på helsetenester, USA faktisk litt
meir enn Noreg per person. Men når det gjeld korleis dei brukar pengane så
er det fleire skilnadar. Det er til dømes fleire senger knytt til
intensivbehandling i USA, medan det er fleire lækjarar i Noreg per person.
Landa skil seg òg frå kvarandre når det gjeld kor nøgd innbyggjarane er med
helsetenestene dei får tilbod om i sitt nærområde. I Noreg er
folk meir nøgd med tilgangen enn i USA. Samstundes er det ein større andel
nordmenn som vurderer si eiga helse som «dårleg» samanlikna med amerikanarar.
Det til tross for at dei i gjennomsnitt lev lenger enn folk i USA, fortel David
Goodman.
Sjølv om begge landa brukar mykje pengar på helsetenester, så slit
begge landa med uønskt geografisk variasjon på fleire helsetenester.
– Vi har eit problem
Interessa for geografisk variasjon skaut fart i USA på 1970-tallet
da pioneren på feltet, lækjar og epidemiologiprofessor John Wennberg, begynte å
forske på helsetenestetilbodet i staten Vermont. Han fann at det var enorm
variasjon i tilbodet og konkluderte med at det kom av sjukehusa sine eigne
preferansar for kva behandling dei skulle gje pasientar.
Forskinga vart publisert i Science og fekk mykje merksemd. Konsekvensen
var ifølgje Goodman at fleire forskarar begynte å stille spørsmål
om kvifor ikkje alle pasientane fekk same gode og likeverdige behandling:
– Geografisk variasjon i helsetenestetilbodet var ei viktig
oppdaging. Og eg kan berre seie at dei siste 40 åra med forsking har vist,
i kvart einaste land denne forskinga er gjort, at resultata er det same
kvar gong: Vi har eit problem med uønskt variasjon.
Må gjere kvalitetsforbetringar
David Goodman seier at eit av problema er at ikkje alle sjukehusa
gjer pasientane den behandlinga som til ei kvar tid er rekna for å vere den
beste og mest effektive. Årsaka er ofte at lækjarane tek kliniske avgjersler
som ikkje er i tråd med dei forskingsbaserte tilrådingane. Konsekvensen for
pasientane er at det er mindre sannsynleg at dei får eit godt resultat av
behandlinga.
– For å motverke dette må ein gjere kvalitetsforbetringar.
Anten på mikronivå, på klinisk nivå, på sjukehusnivå eller på regionalt nivå.
Det er sjølvsagt lett å seie, men vanskelegare å få til i praksis, meiner han.
Lækjaren sin preferanse blir avgjerande
Uønskt variasjon kan òg komme av at det finnes fleire alternative
måtar å behandle sjukdommar og lidingar på. Dette blir gjerne kalla
“preferansesensitive tenester”. Ofte inneber fleire behandlingsalternativ
at det er lækjaren sin preferanse som blir avgjerande.
– Eit døme er brystbevarande operasjon eller mastektomi
(fjerning av bryst) ved kreft. Kven trur du verdsett brystbevarande
operasjon meir, lækjaren eller pasienten? Det er faktisk lækjaren, fortel
David Goodman.
Pasientane er kanskje ikkje involverte eller informerte i stor nok
grad når avgjerda om behandling blir teken. Konsekvensen er
mindre individtilpassa behandling.
– For å motverke dette må legar i større grad dele, og
søke støtte til, avgjersler. Ein må dessutan forske meir på
resultat av, og kvalitet på, avgjersler. Dette blir no gjort i større grad
fleire stadar.
– Helseatlas er eit godt reiskap
for forsking
I 1996 var professor David Goodman med på å lage det aller
første helseatlas i USA. Sidan da har informasjonen i atlasa blitt
verdsett av stadig fleire, mellom anna av forskarar:
– Så langt er det
publisert 60 atlas og 350 forskingsartiklar. Så atlasa har vore eit godt
utgangspunkt for helsetenesteforsking, seier han.
Helseatlaset ved Dartmouth inspirerte mellom anna til opprettinga av
det norske helseatlaset i 2015 som SKDE og Helse Førde produserer. Hittil er
det publisert 12 norske helseatlas.
FAKTA
Helsetenesteforskingskonferansen
Om lag 160
personar deltok på konferansen i Tromsø.
85 deltakarar
presenterte forskinga si fordelt på 11 parallellsesjonar.
Tema i år var
«Praksisvariasjon i helsetenesta – er likeverd ein illusjon?».
Hovudtalar var
professor David Goodman ved Dartmouth Institute i USA.
Konferansen er
årleg og går på rundgang mellom fleire institusjonar i Noreg.
I år var
SKDE arrangør i samarbeid med Nasjonalt nettverk for
helsetenesteforsking.