Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Nord

Koronasmitta pasientar på sjukehus blir registrerte i Norsk intensivregister

Norsk intensivregister har på kort tid fått laga ei løysning for å registrere pasientar med coronasmitte som blir lagde inn på intensiveiningar. Frå onsdag 11.mars skal pasientar som ligg på intensiv med mistenkt eller stadfesta sjukdom med viruset, registrerast.

Publisert 11.03.2020
Sist oppdatert 28.10.2022
Illustrasjonsfoto: Colourbox

I samarbeid med Folkehelseinstituttet, Helse Midt-Norge IT (HEMIT), Norsk Helsenett, Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) og Helse Nord IKT har Norsk intensivregister utvikla ei løysing for registrering av pasientar med SARS-CoV-2 (som forårsakar sjukdommen Covid-19) i registeret. Løysinga vil danne grunnlag for rapportar til FHI som skal nyttast til monitorering av sjukdommen i Noreg. 

- Det er difor svært viktig at registreringa er rask og nøyaktig. Vi har lagt vekt på at registreringa skal vere enkel og lite tidkrevjande, siar Eirik Alnes Buanes, leiar i Norsk intensivregister.

Eige skjema for pasientar med smitte

Så snart ein pasient med mistenkt eller bekrefta infeksjon med SARS-CoV-2 blir lagt inn på intensiv, skal det opprettast eit eige skjema for pasienten i Norsk intensivregister. Her skal det registrerast blant anna tidspunkt for innlegging, diagnosekategori, tidspunkt for oppstart av mekanisk respirasjonsstøtte og ECMO-behandling der det er aktuelt, og risikofaktorar. Også pasientar som allereie er innlagde tidlegare skal registrerast. 

- Vidare er det viktig at ein oppdaterer når endringar skjer. Da kan vi halde løpande oversikt over kor mange respiratorar og kor mange ECMO-maskiner som er i bruk for denne pasientgruppa til eikvar tid, og sikre gode tal på kor mange pasientar med påvist sjukdom som ligg på intensiv, forklarer Buanes.

gd med å få på plass registrering
Buanes er nøgd med at Norsk intensivregiser har fått på plass ei løysning for monitorering av sjukdommen på kort tid.
 
- Eg vil takke alle som har dradd lasset for at dette kunne lagast så raskt! Dette gjer at vi får registrering frå intensiveiningane allereie heilt i starten av utbrotet med Covid-19 i Noreg. Det vil bety mykje for å kunne følgje utbreiinga av sjukdommen, men det vil ikkje minst vere viktig for å kunne gå gjennom materialet i ettertid, slik at vi kan forstå betre korleis sjukdommen artar seg, seier han.

Norsk intensivregister vil følgje opp alle registreringar for å sikre at dei er korrekte, og samtidig spørje om ein kjenner til andre innlagde Covid-19 pasientar på sjukehusa for å sikre at alle pasientar blir registrert.

Beredskap koronavirus

Helse Nord RHF er i beredskap på grunn av utviklingen rundt utbruddet av det nye koronaviruset (coronaviruset).
Denne siden oppdateres fortløpende med informasjon til innbyggere, ansatte og media.
Koronavirus