Philip A. Skau har jobba i Nasjonalt servicemiljø ved Senter for klinisk
dokumentasjon og evaluering (SKDE) sidan 2005, og har dei siste åra hatt
stillinga som nestleiar. Frå og med i dag, 1. desember, tek han over som
seksjonsleiar.
— Eg har jobba med medisinske kvalitetsregister i 15 no og kjenne området
godt. Servicemiljøet består av særs kompetente medarbeiarar som eg gler meg
til å fortsette samarbeidet med, seier Philip A. Skau.
—
Skau er veldig godt kvalifisert til stillinga. Difor er eg er veldig glad
for at han tek på seg oppgåva og at han vert ein del av leiargruppa i SKDE,
seier direktør i SKDE, Barthold Vonen.
Philip
A. Skau tek over stillinga etter Eva Stensland. Tidligare i år vart det klart
at ho går over i ei nyoppretta stilling som fag- og forskingssjef i SKDE.
